Kontakt

Mini-REAL på Naustdal

Naustdal skole - Foto Britt, Kringlen https://www.naustdal.kommune.no

REAL for småskulesteget er eit entreprenørskapsprogram for elevar i 3-5 klasse.

Programmet vektlegg elevaktive arbeidsformer og er bygd opp av øvingar der elevane får utvikla og prøve ut kunnskap og idear gjennom leik og læringsbaserte aktivitetar.

Gjennomføring +-

Mini- REAL for småskulesteget er organisert likt eit lokalsamfunn, med ein bank, ei offentleg forvaltning og ein marknadsplass. Elevane skal saman med læraren avgjere kva jobbar deira samfunn treng for å fungere, og elevane skal søke om å få desse jobbane.

Elevane kan starte opp ei verksemd som sel varer eller tenester på ein marknadsplass eller dei kan søke om å bli tilsett innan bank eller offentleg forvaltning. Elevane tener pengar i lokal valuta for jobben dei gjer, dei betalar skatt og sparer i sin eigen bank. På denne måten skaffar dei seg røynsle i å jobbe på eit skattekontor, ein bank, eller som næringsdrivande.

Øvingsmaterialet i programmet veksler mellom teoretisk klasserom- undervisning og praktisk arbeid i eit Mini – Real samfunn.

Lenke til skolens hjemmeside.