Kontakt

Kvifor har skåbudialekta endra seg?

1.-7.klasse ved Skåbu oppvekst deltok i Nysgjerrigperkonkurransen med eit dialektprosjekt. Dei lurte på kvifor dialekta i Skåbu hadde endra seg.

Nysgjerrigperkonkurransen er ein konkurranse der ein skal forske på noko ein lurer på. Vi brukte Nysgjerrigpermetoden som inneheld 6 steg. Under har vi skissert korleis vi jobba med metoden steg for steg. Elevane hadde eit stort tverrfagleg læringsutbytte av prosjektet.

Gjennomføring +-

Nysgjerrigpermetoden inneheld 6 steg. Slik jobba elevane med metoden.

1. Dette lurer vi på

Elevane i Skåbu valde etter idémyldring å forske på dialekten sin. Tittelen på prosjektet vart difor “Kåffår ha skåbudialekta forandra sé?” Dei meinte sjølve at dialekten hadde endra seg og ville gjerne finne ut om dette stemte og kva som kunne vere grunnen til forandringa.

2. Kvifor er det slik?

Elevane utarbeidde mange hypotesar:

  • Fordi det har kome folk utanbygdes frå, og frå andre land hit. Dei pratar annleis enn oss, og vi tek til oss ein del av deira ord.
  • Vi høyrer meir på radio og fjernsyn enn vi gjorde før.
  • Vi speler dataspel og andre elektriske spel.
  • Fordi vi les bøker og blader på bokmål.
  • Viss mor eller far kjem frå ein anna plass i Noreg kan ungane ta ord frå dei.
  • Vi vert påverka av alt rundt oss.
  • Vi lærer oss andre språk som kan verke på dialekten vår.
  • Fordi vi reiser meir enn før (både i Noreg og andre land).
  • Mange med skåbudialekt har flytta eller døydd.
  • Folk vil ikkje lære skåbudialekt fordi de synes den er gammaldags.
  • Vi kan bli påverka av slektningar som bur andre plassar.

3. og 4. Legg ein plan og ut for å hente opplysingar

Vi ville finne ut om det stemte at dialekten hadde endra seg. Fyrst laga vi ei spørjeundersøking til ulike aldersgrupper om dialektord. Vi plukka ut 16 dialektord og spurde ulike aldersgrupper. Ut i frå det vi fann ut, kunne vi slå fast at dialekten hadde forandra seg.

Neste steg var da å finne ut kvifor dialekten hadde endra seg. Kvar gruppe fekk to eller tre hypotesar å jobbe med og alle gruppene bestemte seg for korleis dei ville finne ut av hypotesane. Dei sette i gang med å lage spørjeundersøkingar for å intervjue folk i bygda og fagpersonar. Resultata la vi inn i Excel og laga diagram.

5. Dette har vi funne ut

Vi har funne ut at unge blir påverka av mykje. Det er ikkje berre foreldre, besteforeldre og slektningar som påverkar språket deira. Unge blir òg påverka av media, spel på nett, TV og at dei reiser meir enn før. Derfor blir dialekta deira forandra. Unge folk tek ord frå TV og vennar frå andre plassar, og når dei unge blir vaksne pratar dei ikkje så mykje skåbudialekt til sine barn som deira foreldre. Og slik held det fram.

Vi fann ut at dialekta vår har endra seg for at vi reiser meir enn før. Vi lærer oss andre språk. Da har gruppene bevist at skåbudialekta har endra seg fordi vi reiser meir enn før og lærer oss nye språk. Vi konkluderer med at dialekten har endra seg. Dei fleste meiner at dialekten har endra seg fordi dei har dratt med inn nye ord og uttrykk og dei fleste meiner at det har vore eit tap. Mange yngre meiner at dialekten ikkje betyr noko for dei. Vi konkluderer også med at dialekten har endra seg fordi folk har flytta elle døydd.

Vi trur at ein anna grunn til at dialekten har endra seg er at den er vanskelig for innflyttarar å forstå, det same gjeld andre som ikkje snakkar dialekta, til dømes hyttefolk. Mykje av det vi les er på bokmål, til dømes avis blad og data. Dette fører til at dei gamle og spesielle uttrykka og orda etter kvart blir borte.

6. Fortel til andre

Vi var på “Dugurdstreffen” ( eldretreff) i bygda og fortalde om kva vi hadde funne ut. Dit kom også lokalavisa Dølen som laga reportasje om prosjektet vårt. I tillegg la vi prosjektet ut på heimesida til skulen og bygda. Vi sendte resultatet inn til Nysgjerrigperkonkurransen og vann Språkprisen. Språkrådet kom på besøk og vi hadde ei høgtidleg markering på skulen med blant anna ordføraren og regionavisa GD.

Heile rapporten kan du lese på nysgjerrigper.

Kompetansemål +-

Dette undervisningsopplegget kan ein forankre i både den gererelle delen av læreplanen og i læreplan for faga. Her er nokre av måla vi tok utgangspunkt i:

Etter 2. årssteg:

Naturfag: “ Stille spørsmål, samtale og filosofere (…)”( K06: 54)

Norsk: “ Arbeide kreativt med teikning og skriving i samband med lesing.” ( K06:36)

Matematikk: “ Gjere overslag over mengder, telje opp, samanlikne tal og uttrykkje talstorleik på varierte måtar.” ( K06 s. 42)

Etter 4. årssteg:

Naturfag: Bruke naturfaglege omgrep til å beskrive og presentere eigne observasjonar, foreslå og samtale om moglege forklaringar på det ein har observert. ( K06:55)

Norsk: Søke etter informasjon, skape, lagre og hente tekstar ved hjelp av digitale verktøy. ( K06:36)

Matematikk: “ Samle, sortere, notere og illustrere data på formålstenlege måtar med teljestrekar, tabellar og søylediagram, med og utan digitale verktøy, og samtale om prosess og framstilling, og kommentere illustrasjonane.” ( K06 s. 42)

Etter 7. årssteg:

Naturfag: Formulere spørsmål om noko eleven lurer på, foreslå moglege forklaringar, lage ein plan og gjennomføre undersøkinga. ( K06:56)

Norsk: Uttrykkje og grunngje eigne standpunkt og vise respekt for andre sine. ( K06:37)

Matematikk: “ Planleggje og samle inn data i samband med observasjonar, spørjeundersøkingar og eksperiment.” ( K06 s. 42)

Rammefaktorer +-

Å arbeide på denne måten, krev ikkje så mykje materielle faktorar. Men det er ein klar fordel å ha god tilgang til IKT- utstyr. I tillegg er det viktig at lærarane samarbeider godt og har jamlege planleggingsmøter både med og utan elevane. Lærarane må samarbeide om framdriftsplan og kva for timar som ein skal avsetje til dette arbeidet.

Vurdering +-

Elevane fekk munnlege tilbakemeldingar undervegs i arbeidet. Dei fekk tilbakemeldingar på både samarbeid på gruppa og fagleg vurdering på arbeidet som vart presentert. Elevane måtte ha godkjenning før dei sendte noko ut frå skulen. Dei presenterte resultata sine på “Dugurstreffen” og fekk munnlege tilbakemeldingar på arbeidet dei hadde gjort av dei eldre i bygda.

Refleksjon +-

Elevane hadde eit stort læringsutbytte av det tverrfaglege undervisningsopplegget. Dei kan forklare og bruke ord som til dømes forskar, problemstilling, hypotese, intervju, spørjeundersøking, resultat og dokumentasjon. IKT og grunnleggande ferdigheiter var sentralt i arbeidet. Både word og excel vart flittig brukt, både til å skrive brev, lage intervju og spørjeundersøking. Elevane vart motiverte for rettskriving i og med at dette var dokument som skulle bli sendt ut frå skulen. Resultata av det vi fann ut, vart presentert i excel.

Elevane vart delt inn i grupper på tvers av klassestega. Dei skjøna ganske fort at godt samarbeide på gruppa var viktig. Vi har positive erfaringar med at ein av dei eldste på gruppa fungerer som gruppeleiar, og har saman med ein lærar eit litt større ansvar for gruppa. Dette var eit prosjekt der elevane måtte ut frå skulegarden for å hente opplysningar. Elevane vart godt motteke og fekk god kontakt med folk i bygda. Etter at vi vann språkprisen vart elevane intervjua både på radio og i avisa, dette er positive erfaringar å ha med seg. Men det viktigaste av alt, var at elevane vart meir observante og bevisst dialekten sin.