Kontakt

Konstruksjonar

Dette er ei lagbyggingsøving som set fokus på samhandling og kommunikasjon. Øvinga er leiken og morosam, men med klåre rammer for korleis samarbeidet skal gå føre seg.

Konstruksjonar er ei øving som kan nyttas i oppstartinga av eit prosjekt fordi øvinga set fokus på kor naudsynt kommunikasjon og samhandling er i eit kva slags prosjekt.

Elevane skal i grupper konkurrere om å byggje det høgste tårnet. I løpet av 20 min. skal dei planlegge og bygge ein konstruksjon tårnet, og dei vel sjølv korleis dei fordel tida mellom desse to fasane. Når elevane planlegg får dei ikkje høve til å ta på konstruksjonsmateriala og når det byggjer får dei ikkje lov å snakke saman.

 

Gjennomføring +-

Del deltakarane inn i grupper på 3 - 5 personar. Fordel materiale til gruppene. Sei at dei ikkje har lov til å røra materialet før du seier i frå.

Gje fylgjande instruksjonar for kvar oppgåve:

OPPGÅVE 1:

”Som lag, skal de planlegga og bygga eit frittståande skur som de alle kan koma inn i, ved berre å nytta avisene og maskeringstapen. De kan ikkje nytta anna hjelpeutstyr (slik som veggar, stolar eller tak), men de kan festa skuret til golvet dersom de ynskjer det. De får 30 minuttar til denne oppgåva. De kan nytta så mykje tid de ynskjer til planlegging, men med ein gong de startar bygga kan de ikkje gå attende til å planlegga. Under planlegginga kan de snakka, men ikkje røra materialet. Under bygginga kan de røra materialet, men ikkje snakka. Er det noko de vil spørja om?

OPPGÅVE 2:

”Som lag skal de planlegga og bygga eit høgast mogeleg tårn ved berre å nytta limbandet og sugerøyra. Ikkje noko anna hjelpemiddel eller materiale kan nyttast. De får 20 minuttar til denne oppgåva. De kan nytta så mykje tid de ynskjer til planlegging, men med ein gong de startar å bygga kan de ikkje gå attende til å planlegga. Under planlegginga kan de snakka, men ikkje røra materialet. Under bygginga kan de røra materialet, men ikkje snakka. Er det noko de vil spørja om?

OPPGÅVE 3:

”Som lag skal de planlegga og bygga eit høgast mogeleg tårn ved berre å nytta spagettien og marshmallowen. Ikkje noko anna hjelpemiddel eller materiale kan nyttast. De får 20 minuttar til denne oppgåva. De kan nytta så mykje tid de ynskjer til planlegging, men med ein gong de startar å bygga kan de ikkje gå attende til å planlegga. Under planlegginga kan de snakka, men ikkje røra materialet. Under bygginga kan de røra materialet, men ikkje snakka. Er det noko de vil spørja om?

Forsikra deg om at alle har forstått instruksane, og start klokka.

Gå rundt blant gruppene medan dei planlegg og bygger, det kan henda at du må minna dei på reglane. Minn dei om tida med jamne mellomrom.

Etter 20 (30) minuttar stoppar du. Mål høgda på tårna, og sjekk at skuret står støtt og har plass til alle gruppedeltakarane. Du kan premiera dei beste, eller du kan gje premiar til mest kreative, beste tekniske løysingar, beste gruppeprosess m.m.

Gruppene kan rydda opp før eller etter oppsummeringa. Det kan vera lurt å venta til etter oppsummeringa, for å sjå kor mange tårn/skur som framleis står. Skapar litt uro og latter når dei kollapsar, men det er ein del av moroa med øvingane.

Kompetansemål +-

  • prøva ut dynamikken i problemløysing i grupper
  • understreka trongen for planlegging og handling i kva som helst prosjekt
  • gjennomføra arbeid mot eit mål 

 

Rammefaktorer +-

OPPGÅVE 1

  • maskeringstape - 1 rull per gruppe
  • haug med aviser - 15 cm per gruppe

OPPGÅVE 2

  • limband - 1 rull per gruppe
  • plastikk sugerøyr - rundt 50 per gruppe

OPPGÅVE 3

  • spagetti - 20 - 40 lengder per gruppe
  • marshmallows - 5 - 15 per gruppe (avhengig av storleik)

ALTERNATIVT:

Gje ulik mengde materiale til kvar gruppe for å demonstrera at i forretningslivet er ikkje alltid fordeling av ressursar ”rettferdig”.

Refleksjon +-

I ei oppsummering kan du bruke dei innleiande læringsmåla for felles refleksjon, eller du kan nytta fylgjande spørsmål:

  • Kva følte de under denne øvinga? Endra dei seg etter kvart som de kom i gang med arbeidet?
  • Kva problem møtte de, og korleis løyste de dei?
  • Minna ”Konstruksjonar” dykk om andre situasjonar de har vore oppe i? Korleis?
  • Kva fortel denne øvinga dykk om gruppearbeid? -om planlegging og utføring? -om dykk sjølve?
  • Korleis kan denne øvinga relaterast til det å starta ei verksemd?

Overføringsverdi

Desse øvingane er morosame og aktive innføringar i gruppeprosessar, og understrekar kor viktig planlegging, kommunikasjon og samarbeid er i gjennomføring av ei oppgåve. Folk vert påverka og meir energiske av kreativiteten og diskusjonane - viktig å stoppa opp og nytta tid til slike prosessar som del av arbeidet med utvikling av forretningsplanen.