Kontakt

Øyrane vgs og Førde kommune

Representantar frå Helse Førde gjev elevar ved Øyrane vidaregåande skule opplæring i førstehjelp.

Representantar frå Helse Førde gjev elevar ved Øyrane vidaregåande skule opplæring i førstehjelp.

Partnerskapsavtale mellom Øyrane vidaregåande skule i Sogn og Fjordane og pleie og omsorgsetaten i Førde kommune.

Partnerskapsavtalen består av fire delar: representantar frå bedrifta deltek i opplæringa på skulen, utplassering av elevar i bedrifta, hospitering for lærarar, og lærardeltaking på interne kurs i bedrifta.

Ein partnerskapsavtale vert som oftast inngått ved at ein har innleiande møter mellom samarbeidspartane der ein skisserer rammer for opplegget. Det vart også gjort i dette tilfellet.

Førde kommune var villige til å bruke mykje tid og ressursar på denne avtalen. Argumentasjon for denne tidsbruken var at ein slik avtale ville hjelpe på rekruttering til pleie og omsorgssektoren i kommunen. Etter fleire møter mellom partane for å utarbeide detaljar, vart avtalen signert av begge partar og avtalen vart teken i bruk umiddelbart.

Gjennomføring +-

Gjennomføring av avtalen

Når avtalen er signert av begge partar er den klar for å gjennomførast. Det vil då vere av stor betydning at ein held seg til det som er inngått skriftleg. Dersom det er oppgitt tidspunkt for gjennomføring, er det opp til dei ansvarlege å sørge for at ein held seg til dei oppgitte tidspunkta.

Som oftast vil det vere skulen som tek kontakt ved gjennomføring av innhald i avtalane. På den måten er det enklare å tilpasse det til skulen sin årsplan og elevane sin timeplan.

Evaluering og vidareføring av avtalen

Skule og bedrift er i dialog under sjølve gjennomføringa av avtalen evt.  umiddelbart etter gjennomføring. Då vil ein utveksle erfaringar og bedrift/næringsliv gir tilbakemeldingar til skulen på korleis avtalen har fungert og korleis elevane har fungert.  Ofte er det vanleg at lærar har oppfølging av elevar undervegs i avtalen. I tillegg vil skulen ta gjennomføringa opp med elevane når dei er tilbake i klasserommet.  Slik kan ein sikre seg ein god undervegs evaluering av avtalen.

I tillegg må partnerskapsavtalen evaluerast av avtalepartane i god tid før den går ut på dato. Då må ein ta opp til evaluering korleis avtalen har fungert, om den skal fornyast og om ein skal erstatte delar av innhaldet evt. utvide / innskrenke avtalen. 

Tidsbruk

Det er vanskeleg å fastsetje ein eksakt tidsbruk for ein partnerskapsavtale. Det vil variere alt etter kor mykje ein legg i avtalen og kva slags innhald ein slik avtale vil ha. Minimum tidsbruk kan vere 2 skuletimar pr. skuleår til for eksempel bedriftsbesøk. For bedrifter og næringsliv som går «tungt» inn i ein slik avtale kan det dreie seg om eit betydeleg bidrag i form av arbeidstimar. Det kan lønne seg å ha gode forhandlingar med samarbeidspartnar i høve til dette. Tidsbruken må spesifiserast i kvar einskild avtale.

Total tidsbruk for avtalen som her er nytta som eksempel er:

Planlegging/møter/evaluering: 10 timar

Førde kommune deltek i opplæring på Øyrane vgs: 4 timar

Utplassering av elevar i bedrifta :

VG 1 nivå : 177,5 timar uplassering pr. elev x 8 elevar=1420 utplasseringstimar

VG 2 nivå : 300 timar utplassering pr. elev x 12 elevar=3600 utplasseringstimar

VG 3 nivå : 315 timar utplassering pr. elev x 2 elevar=630 utplasseringstimar

Hospitering for lærarar i bedrifta=37,5 timar

Lærardeltaking på interne kurs i bedrifta=7,5 timar 

TOTAL TIDSBRUK :

Dersom ein reknar antal timar medgått tid : 851,5 timar

Dersom ein reknar antal timar x antal personar : 5739,5 timar

Kompetansemål +-

Generelle mål for partnerskapsavtalen:

  • Bygge opp samhandlingskompetanse
  • Gjensidig styrking og utvikling av kompetanse
  • Utnytte felles ressursar
  • Arbeide for utvikling av samarbeid mellom skule, næringsliv, kommune og lokalsamfunn.

Fagspesifikke kompetansemål for helse- og sosialfag (kun VG1 som eit eksempel)

  • gjere greie for korleis ein har organisert oppvekst-, helse- og sosialtenestene i samfunnet i dag
  • drøfte korleis endringar i samfunnet påverkar yrkesutøvinga i oppvekst-, helse- og sosialsektoren
  • gjere greie for kjenneteikn på profesjonalitet i yrke innanfor oppvekst-, helse- og sosialsektoren
  • diskutere og gi døme på service, etikk og omsorg i oppvekst-, helse- og sosialsektoren
  • gjere greie for sentralt regelverk som regulerer arbeidet i oppvekst-, helse- og sosialsektoren
  • gjere greie for kvifor det er viktig med heilskapleg og tverrfagleg samarbeid, og gi døme på yrkesgrupper som er med i slikt samarbeid

I tillegg vil avtalen sikre måloppnåing i høve til faget «Prosjekt til fordjuping» på VG1 og VG2 :

«Prosjekt til fordypning skal gi elevene mulighet til å prøve ut enkelte eller flere sider av aktuelle lærefag innen relevante utdanningsprogrammer, få erfaring med innhold, oppgaver og arbeidsmåter som karakteriserer de ulike yrkene innen utdanningsprogrammene, fordype seg i kompetansemål fra læreplanene på Vg3-nivå og ta relevante fellesfag fra Vg3, fellesfag i fremmedspråk og programfag fra studieforberedende utdanningsprogram.»

Herunder valgte elevane sjølve dei kompetansemål som dei ville fordjupe seg i. 

Rammefaktorer +-

Utstyrsbehov må definerast ut frå den einskilde avtale. I visse samanhengar vil det vere behov for verneutstyr og liknande. Det økonomiske kan også bli eit spørsmål rundt ein slik avtale.

Ofte er det transportkostnader i forbindelse med avtalen. Her må det vere opp til skulen å finne gode løysingar saman med bedrift / næringsliv.

Ein må pårekne ein del ressursbruk både frå skule og næringsliv. Dette vil sjølvsagt variere frå avtale til avtale. Uansett så er dette god anvendelse av ressursar frå begge partar i og med at læringsutbyte for elevane som oftast er høgt.

I det eksempelet på partnerskapsavtale som er nytta her, er det ingen spesielle krav til utstyr med unntak av at elevane i einskilde tilfeller må stille i vanleg arbeidsantrekk for helse- og omsorgsinstitusjonar. Dette var framskaffa av samarbeidsbedriftene i dei tilfella der det var påkrevd.  

Vurdering +-

Elevane som tok del i gjennomføringa av partnerskapsavtalen vart vurderte på fylgjande måte : 

I delar av avtalen var det ein 60% lærarressurs som var saman med elevane under gjennomføringa. Denne læraren tok del i dei vanlege arbeidsoppgåvene på praksisplassen saman med elevane. Vedkommande lærar deltok samtidig i observasjon av elevane under gjennomføring av arbeidsoppgåver.

I dei delane av avtalen der lærarressurs ikkje var direkte involvert eller bunde opp av avtalen, var det frigitt ordinære lærarressursar til jamnleg oppfylgjing av elevane medan dei var ute. Lærarane hadde systematisk oppfylgjing av elevane ved at dei gjennomførte fleire besøk til praksisplassane / kvar elev under utplasseringsperioden.

Under desse praksisbesøka deltok representantar frå bedrifta i vurderingsmøter saman med elev og lærar der bedriftene gav sine tilbakemeldingar på korleis eleven og opplegget hadde fungert. Som sluttvurdering vart det fyllt ut eit evalueringsskjema frå bedrifta der dei gav sine skriftlege tilbakemeldingar på eleven. Sidan mykje av dette gjekk inn i faget «prosjekt til fordjuping» vart dei lokale læreplanane og eleven sin læreplan med utfylling av kompetansemål også nytta i tillegg til dei vurderingsskjema som skulen sjølv hadde utarbeida i samband med faget «prosjekt til fordjuping». Det mest vanlege var at desse vurderingane vart trekt inn i karakteren i faget «prosjekt til fordjuping» (på VG1 og VG 2). På VG3 Helsesekretær vart det trekt inn i karakteren i faget «Yrkesutøving».

Refleksjon +-

Ved å bruke partnerskapsavtale som metode i opplæringa vil ein få ein unik muligheit til å tilegne seg kunnskap og erfaringar som ein elles ikkje ville hatt tilgang til. Det som ein vil kunne lære gjennom å vere ein del av ein slik avtale er spesifisert under «Kompetansemål».

Desse kunnskapane og erfaringane vil ha direkte overføringsverdi til eleven sin rolle som arbeidstakar seinare i livet. Samtidig vil det som eleven lærer gjennom ein slik avtale også kunne ha overføringsverdi til den ordinære opplæringa som eleven får i klasserommet. Dette gjennom at eleven får prøvd teori ut i praksis og at eleven kan ta med seg eksempel frå arbeidslivet inn i klasserommet.