Kontakt

REAL

Engasjerte elever lærer med REAL.

REAL er eit fagleg og pedagogisk verktøy for arbeid med entreprenørskap i skule og lokalsamfunn. REAL vektlegg elevaktive arbeidsformer og er bygd opp av 127 øvingar  der eleven får utvikla og prøva ut kunnskap og idear gjennom aktivitetar og refleksjon.

REAL er eit amerikansk erfaringsbasert og elevaktivt pedagogisk verktøy i entreprenørskap. Materialet er satt saman av enkeltståande øvingar innanfor ulike temaområde med korte, definerte læringsmål, og er som regel gruppebasert. Kvar øving er bygd opp etter same lest. Det vil seie at dei har lik oppbygging og progresjon. Denne strukturen har klare element frå den erfaringsbaserte læringsmodellen. Elevar lærer ulikt, og dette krev bruk og utprøving av ulike arbeids- og læringsformer.

REAL-materiale omfattar ei brei variasjon av ulike metodar og læringsformar, frå leikne kommunikasjonsøvingar til realistiske «case». Målet er å skape aktivitet og engasjement i læringsprosessen. Erfaringsbasert læring er gjennomgåande i materialet.

REAL-øvingane som er delt i fire tema:

  • kommunikasjon - gruppeprosessar
  • kreativitet – kreative prosessar
  • lokalsamfunnskunnskap – marknadsanalyse
  • økonomi – marknadsføring og sal

For barnehage og grunnskule ligg hovudvekta på tema kommunikasjon, kreativitet og kunnskap om lokalsamfunn. Fokus her vert å utvikla personlege eigenskapar og haldningar, og skapa lokal identitet og tilhøyrsle. Tema økonomi, marknadsanalyse og sal blir tydelegare i materiale for vidaregåande skule og høgskule/universitet.

 

Kjennetegn +-

REAL-materialet inneheld 127 praktiske øvingar med vekt på kreativitet og kreative prosessar, gruppeprosessar og kommunikasjon, sosialt entreprenørskap og kunnskap om lokalsamfunnet og økonomi (budsjett, rekneskap, marknadsføring og sal).

Materialet er bygt rundt dei pedagogiske grunnprinsippa i erfaringsbasert læring :

  • definerte læringsmål for aktiviteten
  • gjennomføring – basert på eigenaktivitet med ein presentasjon
  • refleksjon – kva gjorde vi, og kva lærte vi her?
  • overføringsverdi – korleis kan vi bruka dette vidare i barnehage, skule og lokalsamfunn

Erfaringsbasert læring

REAL-materialet nyttar den erfaringsbaserte læringssyklusen. Denne fokuserer på å læra gjennom å gjera, å læra andre, eller direkte bruk av det ein har lært. Dette gjev mykje betre læringseffekt enn dei fleste tradisjonelle arbeidsformer i skulen.

Dei ulike arbeidsformene i REAL-materiale gir god motivasjon for deltaking og læring, samstundes som læringsutbyttet er godt. Den erfaringsbaserte læringssirkelen nedanfor skildrar prosessane i læringa.

Passer for +-

Materiale omfattar øvingar for : 

  • barnehage
  • årstrinn 1 – 4 - småskuletrinnet
  • årstrinn 5- 10 – mellomtrinnet/ungdomstrinnet
  • vidaregåande skule/høgskule/universitet og lokalsamfunn

 

Om kompetansemål +-

REAL-materiale har eit tverrfagleg fokus og omfattar alle fag. I REAL blir kompetansemåla operasjonalisert som klårt definerte læringsmål. Desse støttar opp under erfaringsbasert læring.

Vurdering +-

Vurderinga ligg integrert i sjølve arbeidsprosessen, og er knytt opp mot den refleksjonen som avsluttar kvar øving. 

Kilder og mer info +-

Abrandt Dahlgren, Madeleine (2001): 80: Portraits of PBL: a cross-faculty comparison of students’ experiences of problem-based learning, Linkøping Universitet.

Bloom, Benjamin S.(red.) (1956): Taxonomy of Eductional Objectives.The Classification of Educational Goals. Handbook 1; Cognitive Domain. David McKay Company, New York.

GEORGIA REAL; The REAL Curriculum

Egedius, Henry (1999): Pedagogik för 2000-talet. Stockholm: Natur og kultur.

Haukeland, Per Ingvar (2000): Folk entrepreneurship education: In search of integrality and empowerment: a Norwegian perspective, Ann Arbor, Michigan.

Illeris, Knud (red.) (2000): Tekster om læring. Fredriksberg: Roskilde Universitetsforlag.

Kolb, David (1984): Experiental learning – Experience as the source of learning and development, Prentice Hall P T R, New Jersey.

Kolvereid, Lars og Thune-Holm, Anton (1999): Gründerboken, Cappelen Akademisk Forlag, Oslo

Kunnskapsdepartementet, Nærings- og Handelsdepartementet og Kommunal- og Regionaldepartementet (2006): Se mulighetene og gjør noe med dem!, Strategi for entreprenørskap i utdanninga 2004 – 2008, Kunnskapsdepartementet, Oslo

Kyrkje-, undervisnings- og forskingsdepartementet (1997): Entreprenørskap i utdanning og opplæring, Nasjonalt læremiddelsenter, Oslo

Kunnskapsdepartementet (2006): Læreplanverket for kunnskapsløftet – midlertidig utgave juni 2006. Utdanningsdirektoratet, Oslo.

Mursell, James L. (1954): Successful teaching: its psychological principles. Mc Graw-Hill, London

Pettersen, Roar C.(2005): Kvalitetslæring i høgere utdanning, Universitetsforlaget, Oslo

Spilling, Olav (red.) (2006): Entreprenørskap på norsk, Fagbokforlaget, Bergen

Utdannings- og Forskingsdepartementet (2004): St.meld.nr.30 (2003-2004) – Kultur for læring. Statens forvaltningstjeneste, Oslo

Lenker +-