Kontakt

Partnarskapsavtalar

Partnarskapsavtalen er ei ramme for ulike samarbeidsmetodar mellom skule og bedrift.

Ein partnarskapsavtale er ein skriftleg gjensidig forpliktande avtale mellom skule og næringsliv. Omgrepet næringsliv kan også forståast som offentleg institusjon eller frivillig organisasjon i tillegg til ordinære bedrifter og føretak. 

Ein slik avtale kan innehalde til dømes ei vanleg utplasseringsordning der eleven går inn og gjer ordinære arbeidsoppgåver i bedrifta. Andre moglegheiter er bedriftsbesøk eller rettleiing, der bedrifta til dømes går inn som mentor for ein ungdomsbedrift. Ein anna muligheit kan for eksempel vere at bedrifta deltek i skulen sitt undervisningsopplegg og har opplæringstimar med elevane.

Kjennetegn +-

Partnarskapsavtalar er ein skriftleg avtale  som forpliktar til eit samarbeid mellom skule og næringsliv for å gje elevar opplæring i eit næringslivsperspektiv. Avtalen skal signerast av øvste leiar (rektor) ved skulen og administrerande direktør eller dagleg leiar i den bedrifta eller føretaket som avtalen gjeld.

Avtalen må utformast så konkret som mogleg med tanke på innhald. Dette for å sikre eit best mogleg læringsutbytte for elevane. Det bør komme fram av avtalen kva slags opplæring elevane skal få i bedrifta.

Det er av avgjerande betyding at dei personane som skal gjennomføre innhaldet i partnarskapsavtalen vert namngitt og gjort ansvarleg i sjølve avtalen. Eit viktig poeng er at begge partar skal ha gjensidig nytte av avtalen.

Innleiande møter – avklaring av rammer

Ein partnarskapsavtale startar gjerne med innleiande møter mellom skule og bedrift. Som oftast er det skulen som tek den fyrste kontakten med utgangspunkt i skulen sitt behov for bidrag til opplæringa frå lokalt nærings- og arbeidsliv.

I ein slik innleiande fase er det viktig å få avklara roller, behov og rammer med tanke på å fylle avtalen med eit funksjonelt innhald. Det er viktig at skulen er presis i sine formuleringar med tanke på kva dei forventar av sin samarbeidspartnar, kor mykje tid ein forventar at samarbeidspartnaren skal bruke på avtalen (bedriftene er ofte opptatt av dette) og kven som har ansvar for dei ulike delane i avtalen. Når ein er blitt einige om roller og rammer, startar sjølve arbeidet med å utforme avtalen.

Utforming av avtalen – å gjere ansvarleg

Det er ein fordel at avtalen vert uforma i eit samarbeid mellom skulen og samarbeidspartnaren med tanke på å få ein best mogleg avtale. Ein må vere open for å gjere tilpassingar undervegs, også når det kjem til sjølve gjennomføringa av avtalen. Tilpassingane og endringane må ikkje gå ut over sjølve avtalen, eller rammene for avtalen. 

Sidan ein slik avtale skal vere gjensidig er det viktig å synleggjere kva bedrifta kan få igjen for å ha ein slik avtale. Eksempel på dette kan vere: rekruttering av arbeidskraft, god reklame for bedrifter som viser at dei tek samfunnsansvar, bedrifta kan få bruke skulen sine lokalar til kurs, representantar frå bedrifta kan få hospitere eller delta i opplæringa på skulen, bedrifta kan få låne skulen sitt utstyr og så bortetter.

Ein partnarskapsavtale bør innehalde

  • ei framside der det kjem frem kven avtalen gjeld
  • ein innleiande del som beskriv formålet med avtalen
  • omtale av spesifikke mål for den aktuelle partnarskapsavtalen
  • ei eiga side med utgreiing av spesifikasjonar i avtalen, mellom anna:
  1. namn på avtalepartane
  2. tidsrom som avtalen gjeld
  3. omtale (så konkret som mulig) av innhaldet i avtalen, arbeidsoppgåver og kven som har ansvar for dei ulike delane i avtalen
  4. underskrifter frå ansvarlege personar og øvste leiing i skule og bedrift

 

Passer for +-

Partnarskapsavtale som metode passar i alle delar av opplæringsløpet dersom det vert gjort tilpassingar med tanke på aldersgruppe og nivå.

Om kompetansemål +-

Partnarskapsavtale som metode vert å sjå på som tverrfagleg. Ved å nytte denne metoden vil ein få praktiske erfaringar som kan nyttast i alle fag. Det overordna målet med denne type opplæring er å:

  • få kjennskap til lokalt næringsliv og yrkeslivet generelt
  • tileigne seg kunnskap om / erfaringar med eit praktisk yrke, enten som del av den ordinære opplæringa i eit/fleire fag eller som del av ein karriererettleiingsprosess
  • tileigne seg praktiske ferdigheiter i eit fag
  • få forståing for korleis nærings- og yrkeslivet fungerer

Vurdering +-

Skule og bedrift er i dialog om vurdering under sjølve gjennomføringa av avtalen eller rett etter gjennomføring. Då vil ein utveksle erfaringar og bedrifta gir tilbakemeldingar til skulen på korleis avtalen har fungert og korleis elevane har fungert. Ofte er det vanleg at lærar har oppfølging av elevar undervegs i avtalen.

I tillegg vil skulen ta gjennomføringa opp med elevane når dei er tilbake i klasserommet.  På denne måten kan ein sikre seg ein god evaluering undervegs i avtalen.

I tillegg må partnarskapsavtalen evaluerast av avtalepartane i god tid før den går ut på dato. Då må ein ta opp til evaluering korleis avtalen har fungert, om den skal fornyast og om ein skal erstatte delar av innhaldet, eller om ein skal utvide eller innskrenke avtalen.

Vurdering undervegs:

Skulen, ved lærar, bør ha tett oppfølging av elevar ved gjennomføring av innhald i avtalen. Vurderinga bør basere seg på munnleg og skriftleg dialog med samarbeidspartnar. Lærar kan besøke eleven, ha møte med elev og samarbeidspartnar, eller ein kan ha kontakt per telefon.

Vurdering etter endt gjennomføring

Det er ein fordel at samarbeidspartnar vert gjort til ein del av totalvurderinga av eleven dersom avtalen har eit visst omfang. Dette kan skje ved at bedrifta gir skriftlege tilbakemeldingar på eleven som lærar kan bruke i sine vurderingar. Skulen kan gjerne utarbeide eigne vurderingsskjema som er tilpassa dei ulike partnarskapsavtalane.

Vurdering av sjølve partnerskapsavalen

Når utløpsdato for avtalen nærmar seg må avtalen forhandlast på nytt og eventuelt fornyast. Aktuelle spørsmål som ein kan ta opp i samband med dette er:

  • Har avtalen fungert etter intensjonane?
  • Har vi oppnådd måla i avtalen?
  • Korleis har vi opplevd sjølve gjennomføringa av avtalen?
  • Har gjennomføring gått etter planen?
  • Er det aktuelt å fornye avtalen?
  • Er det aktuelt å utvide eller innskrenke avtalen?
  • Kva utbytte har skulen, lærarane og elevane hatt av avtalen?
  • Kva utbytte har bedrifta hatt av avtalen?
  • Kva har vi lært?
  • Kunne noko ha vore gjort annleis? 

Kilder og mer info +-

Det fins relativt lite litteratur rundt temaet partnarskapsavtale. Dersom ein skal vise til til litteratur må det bli den generelle litteraturen om entreprenørskap i opplæringa og ulike former for samarbeid mellom skule og næringsliv. Det har heller ikkje vore mykje forsking på området, men ei større evaluering av partnarskapsavtalearbeidet vert sett i gang hausten 2012 i regi av NIFU. 

Lenker +-